[ubuntu-no] Spam på ubuntu.no
Rune Baggetun
baggetun at gmail.com
Tor 18. Okt 2012 19:43:50 UTC
Slik endte spamoppryddinga:
- 20 000-30 000 spamposter blei sletta
- Nokre få nye forum vart oppretta
- Omtrent alle forumpostar som ikke var spam blei flytta til desse nye
foruma
- Alle nye brukarar må godkjennast for å kunne poste i forumet nå
Problem som må løysast:
- Forumadministrasjon, og særskilt at 200-300 spambrukarar registrerar seg
kvar dag. Dette gjer det ekstremt vanskeleg å godkjenne nye genuine
brukarar (i praksis blir dette ikkje gjort no).
Forslag til løysing:
- Gå over til å bruke Ubuntu Forums se
https://wiki.ubuntu.com/LoCoCreatingForum (dette kan kun skje igjennom LoCo
leiarane/kontaktpersonane http://loco.ubuntu.com/teams/ubuntu-no)
- Installere ein eller annan god spamkontroll for både registrering og
posting på ubuntu.no
- Rune
2012/8/16 Rune Baggetun <baggetun at gmail.com>
> 2012/8/9 Rune Baggetun <baggetun at gmail.com>
>
>> Hei
>> Det ser ikkje ut som om nokon er interessert i å gjøre noko med all
>> forum-spamen på ubuntu.no. I ein hektisk kvardag er dette lett å forstå,
>> men eg føreslår at a) alle foruma vert sletta ASAP, b) tilgangskontrollen
>> blir satt til at alle nye brukarar må verte godkjente av administrator før
>> dei kan poste i forumet, og c) eit nytt sett med forum vert oppretta.
>>
>> På lenger sikt bør ein gjerne installere ein modul som kan ta seg av spam
>> meir automatisk, men på kort sikt meinar eg mitt framlegg ikkje er heilt
>> bak mål. Kom gjerne med andre tips, men meld deg samstundes til å hjelpe
>> til slik at vi kan ordne dette fortast mogleg.
>>
>> Eg set igang med dette om ei uke (17/8-2012) dersom det ikkje er alt for
>> store motsetnader mot dette forslaget.
>>
>
>
> I morgon startar eg arbeidet og dersom alt går etter planen skal ikkje
> dette ta lange tida.
>
> Når det gjeld punkt b over så må nok fleire ta på seg denne rolla å
> godkjenne nye brukarar, men eg vil kunne gjere dette for nokre månader
> framover (alternativet er statu quo, at ingen gjer noko).
>
> --
> Rune
>
--
Rune Baggetun
-------------- neste del --------------
Et HTML-vedlegg ble skilt ut...
URL: <https://lists.ubuntu.com/archives/ubuntu-no/attachments/20121018/d0b7479a/attachment.html>
Mer informasjon om epostlisten ubuntu-no.