[ubuntu-no] Spam på ubuntu.no

Rune Baggetun baggetun at gmail.com
Tor 16. Aug 2012 20:59:22 UTC


2012/8/9 Rune Baggetun <baggetun at gmail.com>

> Hei
> Det ser ikkje ut som om nokon er interessert i å gjøre noko med all
> forum-spamen på ubuntu.no. I ein hektisk kvardag er dette lett å forstå,
> men eg føreslår at a) alle foruma vert sletta ASAP, b) tilgangskontrollen
> blir satt til at alle nye brukarar må verte godkjente av administrator før
> dei kan poste i forumet, og c) eit nytt sett med forum vert oppretta.
>
> På lenger sikt bør ein gjerne installere ein modul som kan ta seg av spam
> meir automatisk, men på kort sikt meinar eg mitt framlegg ikkje er heilt
> bak mål. Kom gjerne med andre tips, men meld deg samstundes til å hjelpe
> til slik at vi kan ordne dette fortast mogleg.
>
> Eg set igang med dette om ei uke (17/8-2012) dersom det ikkje er alt for
> store motsetnader mot dette forslaget.
>


I morgon startar eg arbeidet og dersom alt går etter planen skal ikkje
dette ta lange tida.

Når det gjeld punkt b over så må nok fleire ta på seg denne rolla å
godkjenne nye brukarar, men eg vil kunne gjere dette for nokre månader
framover (alternativet er statu quo, at ingen gjer noko).

-- 
Rune
-------------- neste del --------------
Et HTML-vedlegg ble skilt ut...
URL: <https://lists.ubuntu.com/archives/ubuntu-no/attachments/20120816/f6514c7e/attachment.html>


Mer informasjon om epostlisten ubuntu-no.